Oppdaterte reglar for gudstenester og andre samlingar i Ulstein kyrkje

V har opna igjen for deltaking i gudstenester, vigsler, gravferd, konsert og andre arrangement med opp til 90 einskiltpersonar. Dette er antalet vi klarer med 1m- avstandsregelen.

bilde av døypefont i Ulstein kyrkje. Fotograf: Cecilie Hatløy

Sidan dei som bur i same husstand kan sitte tetare saman er talet av dei som kan vere kyrkja i praksis høgare, men vanskeleg å fastslå på førehand. Her har både vi som arrangør og dei som kjem til kyrkja eit felles ansvar for å gi trygge rammer for samlingane og ein treng å bruke noko skjønn for å finne ut om det er framleis ledig plass.

På grunn av eventuell smittesporing må vi framleis føre opmøteliste. Dette skjer enkelt ved at ein skriver namn og telefonnummer på ein lapp som er lagt ut i kyrkjebenken.

Det vanlege gudstenestetidspunkt er flytta tilbake til kl. 11.00, men enkelte gudstenester finn stad på andre tider også. Følg med på kalenderen

Det er også lagt opp til nokre ekstra dåpsgudstenester for å kunne tilby dåp til alle som ønskjer.

Andaktene på institusjonane blir gjennomført der igjen.

Frå skulestart vil det også vere kyrkjakaffi igjen.

Vi vonar også at det frivillige arbeidet med kor, søndagsskule, speidar og KRIK kjem i gang igjen og vi får tilbake eit yrande liv i samlingane i Ulstein kyrkje. 

Gudstenester blir også sendt til TV- apparatane på institusjonane i Ulstein.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"